04. - 09. september 2022

Fjord1 Seniorklubb Sør – Jubileumstur til Sandefjord

Fjord1 Seniorklubb Sør feirar sine 20 år med jubileumstur til Telemark!

copyrigth @MarkLangdon -visitvestfold.com

Som de veit fyller klubben 20 år dette året. Det må feirast!
Dei «glade seniorar» i Fjord1 Sør er klare for å markere jubileet.

Turen til Tønsberg i 2021 gav meirsmak, og lysta etter sosial kontakt er framleis stor. Me inviterer deg med ektefelle, evt. sambuar/ nabo/ slektning, på denne fantastiske reisa frå fjell og fjord til fjøre. Dette vert ein tur der du kan nyte vårt vakre land på tvers, saman med dine gamle kolleger. Med på kjøpet får du og eit mini-cruise!

Sandefjord er ein moderne men sjarmerande kystby, og ein populær feriestad. Byen har milevis med kyst og ein rik kulturarv. Både vikingane og hvalfangstindustrien har sett sitt preg på byen. Arkitekturen i Sandefjord varierer frå små, koselige trehus til store moderne kompleks. Dette utgjer eit kontrastfylt bybilde.
I Sandefjord finn du mange gallerier, skulpturar og museer – mellom anna Hvalfangstmuseet. Europas einaste museum retta mot hvalfangsten si historie. På Midtåsen Skulturpaviljong og skulpturpark kan du sjå 16 av kunstnaren Knut Steens verk. Paviljongen har vakt internasjonal merksemd.

Høyres dette spennande ut? Ikkje nøl med å melda deg på. Kollegaen tvers over fjorden eller nede i gata står alt på lista.
Dette blir kjekt – det er berre å gleda seg.

Dagsprogram

Dag 1
Bergen/ Førde - Pers Hotell på Gol
Dag 2
Gol - Sandefjord
Dag 3
Sandefjord
Dag 4
Dagstur til Strømstad med ColorLine
Dag 5
Sandefjord - Scandic Valdres Hotell i Fagernes
Dag 6
Fagernes - Førde/ Bergen
Picture of a captain on the bridge of a great ship
copyright @perandershove
Picture of the front of the museum Midtaasen in Sandefjord, where 16 art works of Knut Steen are displayed.
copyrigth @visitvestfold.com

Program

  • Dag 1 Bergen/ Førde - Pers Hotell på Gol
    Inkluderte måltider: Middag

    Avreise med buss frå Bergen Busstasjon, perrong P kl 11:30, og frå Førde kl. 11:00, med på stigning Vadheim.
    Bussane kjører frå kvar sin kant, vidare mot Gol.
    Det vert overnatting på Pers Hotell. Middag kl 19:00.

  • Dag 2 Gol - Sandefjord
    Inkluderte måltider: Frokost, Middag

    Frukost frå kl. 07:00. Kl. 10:00 tek me plass i våre komfortable bussar og køyrer mot Sandefjord. Ankomst rundt kl. 15:00 og innsjekk på Scandic Park Hotell.
    Kl. 19:00 Felles middag.

     

    copyrigth @ScandicParkHotel Sandefjord
    copyright @DidrickStenersen - visitvestfold.com
  • Dag 3 Sandefjord
    Inkluderte måltider: Frokost, Middag

    Frukost frå kl. 07:00. Kl. 10:30 dreg me med buss frå hotellet til Midtståsen, ca. 10 minutt køyring frå hotellet.
    Her kan du nyte utsikten og oppleve den tidlegare prakt-eigedommen til den kjente skipsreiaren Anders Jahre. Du kan vandre mellom skulpturar, gamle eiketrær og vakre planter. Du finn og ein eigen paviljong og skulpturpark der, kor 16 av Knut Steens verk er samla.

    Eit anna alternativ er å rusle rundt i sentrum og nyte ein god lunsj på ein av byens mange restaurantar eller kafear. Ta gjerne turen innom Iskrembaren, i bakgarden til Handverkaren kaffibrenneri. Ynskjer du et «dykk» i Sandefjord si historie som hvalfangst by, er Hvalfangstmuseet vel verd eit besøk. Museet er Europas einaste spesialmuseum på området, Hval og hvalfangsthistorie.
    Felles middag på hotellet kl. 19:00

    copyrigth @HvalfangstmuseetSandefjord
    copyrigth @VisitVestfold
  • Dag 4 Dagstur til Strømstad med ColorLine
    Inkluderte måltider: Frokost, Middag

    Frukost frå kl. 07:00. Kl. 09:00 ruslar me mot ferjeterminalen for innsjekk på «MS Color Hybrid» til Strømstad. Frammøte seinast kl. 09:30. Avreise frå Sandefjord kl. 10:00 med ankomst Strømstad kl. 12:30.
    Strømstad (1676) er ein liten by nord i Bohuslän med ein fantastisk skjergard og flott natur. Strømstad vart i si tid oppretta for at svenskane nord i Bohuslän ikkje skulle reise til Norge for å handle. Det er skjebnens ironi som har ført til at fleire hundre tusen nordmenn no reiser til Strømstad for å handle. Med to Systembolag og eit av Nordens største kjøpesentre, er handelen meir retta mot nordmenn enn dei vel 5000 innbyggarane i Strømstad.
    Retur frå Strømstad med MS Color Viking kl. 17:00. Frammøte seinast 30 minutt før avgang. Det er reservert bord til kveldsbuffet i Oslofjord Buffetrestaurant på dekk 6. Plassen kan du behalde på heile overfarten. Vel fortøyd i Sandefjord kl. 19:30. Kvelden er din.

    Copyright Oivind Haug
    Copyright Dag G. Nordsveen/nordsveen.net
  • Dag 5 Sandefjord - Scandic Valdres Hotell i Fagernes
    Inkluderte måltider: Frokost, Middag

    Frukost frå kl. 07:00. Kl. 10:00 er det avreise, og på nytt finn me våre faste plassar i bussen. Me køyrer mot Fagernes til Scandic Valdres Hotell, i vakker natur. Middag kl. 19:00.

    copyright @shutterstock
  • Dag 6 Fagernes - Førde/ Bergen
    Inkluderte måltider: Frokost, Lunsj

    Kl. 10:00 avgang fra Fagernes. Bussen til Bergen køyrer over Filefjell via Flåm, med omlag ein times stopp for eit enkelt måltid mat.
    Bussen til Førde går ut Sognefjorden via Vadheim. Det vert stopp i omlag ein time på Quality Hotel Sogndal for eit enkelt måltid.

Praktisk informasjon og reisebetingelser

Dette er inkludert:
  • Totalpris: kr 5 050,- pr. person

Reisen i moderne Tide turbuss
Ferge og bomkostnader
5 hotellovernattingar i delt dobbeltrom
5 frukost
5 middag
1 lunsj
Colorline tur/retur Sandefjord-Strømstad
Utflukter som omtala i programmet

Kontaktperson buss fra Bergen:
Per A. Hove, tlf. 41 40 39 70

Kontaktperson buss fra Førde:
Geir Midtbø, tlf. 41 64 94 15

Tillegg per person:
  • Enkeltrom kr 500,-
  • Ikkje medlem i delt dobbeltrom kr 1 500,-
  • Ikkje medlem tillegg enkeltrom kr 3 000,-
Valgfrie aktiviteter
  • Påstigning Førde kl. 11.00
  • Påstigning Bergen kl. 11.30

Drikke til ytterligere måltider

Vi tar forbehold om endringer i program samt eventuelle trykkfeil.

Påstigning undervegs fra Bergen
Åsane Terminal      kl. 11:45
Voss v/Park Hotel  kl. 13:20
Eidfjord                    kl. 14:30 (avreise kl. 15)

Påstigning undervegs fra Førde
Vadheim       kl. 11:45
Dragsvik       kl. 13:25
Hella             kl. 13:35
Sogndal        kl. 14:30
Fodnes         kl. 15:10
Håbakken   kl. 15:30 (avreise kl. 15:40)

Betingelser

Betaling
Etter at du har mottatt bekreftelse må depositum på
kr 2 000,- innbetales innen 14 dager.
Depositumet bekrefter avtalen mellom deg og arrangøren.

Restbeløpet betales 7 uker før avreise (17. juli).
Dersom restbeløpet ikke er innbetalt ved betalingsfristens utløp og turen avbestilles etter dette, vil det kunne medføre krav om innbetaling i henhold til avbestillingsreglene.

Avbestilling
Innen 62 dager før avreise;  Arrangøren beholder et adm.gebyr på kr. 500,- per pers.
Mellom 61-31 dager: Arrangøren beholder innbetalte depositum.
Mellom 30-16 dager: Arrangøren beholder 50% av totalt fakturert beløp.
Mellom 15-0 dager: Arrangøren beholder 100% av totalt fakturert beløp.

Betingelser ved påmelding 40 dager før avreise eller senere:

Hvis reisen bestilles senere enn 40 dager før avreise, må hele beløpet innbetales innen 2 virkedager.

Avbestilles turen etter betaling, beholder arrangøren 100 % av totalt fakturert beløp.

Ved manglende betaling innen fristen, kanselleres din reservasjon.

Dersom du avbestiller turen, må dette gjøres skriftlig til Norsk Tur.

Avbestillingsforsikring
Vi anbefaler å ta kontakt med ditt forsikringsselskap for tegning av avbestillingsforsikring.
Kontroller eventuelt om avbestillingsforsikring inngår i din reiseforsikring.

Avbestillingsforsikringen må være betalt før du betaler depositumet for turen for at den skal være gyldig.

Vi gjør oppmerksom på at dersom to personer har bestilt et dobbeltrom og en av personene avbestiller turen, vil et enkeltromstillegg tilfalle den andre personen.

Norsk Turs betalings- og avbestillingsregler tar utgangspunkt i «Alminnelige vilkår for pakkereiser» som er utarbeidet av Reisebransjeseksjonen i HSH og Forbrukerombudet. De Alminnelige Vilkårene er utformet i henhold til Lov om Pakkereiser («Pakkereiseloven») og Barne- og Familiedepartementets forskrifter til loven, og supplerer bestemmelsene i loven og forskriftene.

 

Busstider
04.september
  • 11:30 - 17:30
    Bergen busstasjon, perrong P Pers Hotell, Gol
  • 11:00 - 17:30
    Førde Pers Hotell, Gol
05.september
  • 10:00 - 15:00
    Pers Hotell Scandic Park hotell, Sandefjord
08.september
  • 10:00 - 15:30
    Scandic Park hotell, Sandefjord Scandic Valdres, Fagernes
09.september
  • 10:00 - 17:00
    Scandic Valdres, Fagernes Bergen
  • 10:00 - 17:50
    Scandic Valdres, Fagernes Førde